Musikk og listepop!Si din mening!Dokudrama!Folkets røst Lær deg språket!Kontakt oss!Til Hovedsia!
 

 


Ein nerigar titt på "Storstein" på Dahle

I dag vil åss ta ein titt på deinn velkjænte storstein på Dahle.

Denna svært så markante steinklumpen som æ sentralt plassert i svingen ved Slåveigen ha liggji der i eille år. Sannsynlegvis heilt sia siste istid. Einaste unntaket æ ei stutt periode i 1833 da'n vikarierte ei vikku uttafor Våggåkyrkja mens stein der va på turné i forbindelse mæ "Festivalen for Usannsynlige Sagn".

Kant storstein ha fått navnet sitt æ litt usikkert. Det ha ikkje lykkes åss å finne någgå dokumentasjon på detta. Alt tyde likevæl på at ordet "Storstein" betyr "Kjølé diger Steinblokk". Detta kjøm åss fram te ved å sætta i hop ordeinn "Stor" - som betyr "Kjøle diger" og "Stein" som godt keinn værra ei "Steinblokk". Altså bli det "storstein".

Åss kunn godt ha keilla storstein ein skulptur, for någgå meir naturlé heill ein diger steinklomp som ligg midt i glaningje på eille som fær forbi må udiskutabelt kunna kellast folkele kunst. Når Kunst-guru-direktør'n frå Lillehammer tok se ei råneronde rondt heile Gudbrandsdalen ihop mæ GD's egen kultur-rabbagast, Einar Odden, så vart ikje storstein nævnt. Ikje mæ eit ord. Kanskje va'n ikkje holåt nok? Ein diger holåt stein sentralt plassert impå eit anna fjeill vart nævnt mæ heder og ære...men ikje storstein. Storstein vart forbigått i eill stillheit. Det æ lett å tru at detta kanskje skyldes at døm bærre glømte tå det, at døm va så upptatt og uppgjedd over Pillarguri-statuen i otta sentrum at døm satt der i bilen sin og rista så hardt på huggu når døm for forbi uppkjøringa åt Dahle at døm ikkje fækk det mæ sé.

Vel, det æ nok symptomatisk for deinn uppmerksomheite storstein ha fått i di seinare år. N ligg der, men ingen ænse på'n. Ingen går burtåt og stryk på'n. Ingen japanske turister flokke se rondt'n og tæk bilde tå'n mens døm kakla frenetisk og dirigere dinan hit og dit for å få ti flæst mogle bilde på minst mogle tid. Ingen ongdomme klatre uppå'n og sitt der og smugrøykje når det ikje kjøm bile. Ingen store gjenger mæ mopeder samle se rondt der, mens jenteinn sitt uppå stein og lata som at døm tykkjy guteinn æ heilt håplause. Ingen skuleonge stoppe upp der på tur heimatt frå skulbussen, ingen spring burtåt og breinne daugras innve roté tå stein mæ ein lighter som ingen foreldre veit at døm har.
Og ingen kunstkritikere kjøm og bedømme, heill fordømme, storstein. Dæ som før va eit sosialt sentrum for rotlaus og rastlaus omgdomm æ nå bærre ein stein. Ein skikkele stor stein. Dæ keinn ihvertfall ingen ta frå'n.

Storstein består egentle tå to steiner, som ligg ve sia tå dinan. Deinn eine æ bærre liten, ca ein halvmeter høg, kanskje mindre, og ganske smal. N fungere ikje té anna heill å stå og balansere på, heill å sikja på når dæ æ fullt uppå deinn store. Denna vesle ha eilder fått sitt eget navn. N' regnes fullt og heilt som ein del tå sjølvaste storstein. Som ein tvilling. To steiner, éi sjæl.



Storstein æ større. Det æ derfor n heite storstein. Fordi'n æ stor. I høgde æn væsjå halvann meter høg og kanskje to meter lang. Uppå æ det ei fin flate, som skrår svakt neover mot Heggelund. Ikje fordi dæ så fint på Heggelund, men fordi bakkjin æ skakk. Det bærre æ slik. Ingenting å diskutere.

Det æ bærre ein måté å kåmmå sé uppå storstein på, mæ mindre du æ ein råplog. På ”innsia” tå stein, der'n vende inn mot deinn vesle, i rætning mot Lalm, finst det eit lité utspring på nuggun få centimeter. Akkurat nok té å få fotfæste så du keinn få sløyngt kroppen uppå. I hvertfall va det slik da e va ong. Men ein stein æ ein stein, og um ikje nuggun ha kødda skikkele, så æ nok ikje detta utspringet slipt vækk enda.

Dækje ofte du finn slike steiner leinger. Ikje så sentralt plassert. Storstein ligg der som eit fiks fallogt ungdomshus midt i Ottas største byggefelt Dahle, klar te å brukes. Klar te å klatres på. Klar te å brukes som sjekkeplass. Dæ ingenting som keinn måle sé mæ å ta prikkedøden på ei jente uppå storstein, for dærette å smugrøykje ein raumix, mens augun flyg distré neover veigen for å passe på at'kje far din kjøm kjøran forbi. Dækje mykjy som keinn måle sé mæ ein varm såmmårkveill mæ vænner på storstein.

Vårt tips æ som følger; neste gong solé skinn, så ta mæ dé ei balje mæ vatten og eit hånklæ og leigg dé på storstein. Da har du ditt eget svaberg, mæ lang solgang, lité mygg og stutt veig heimatt. Um nuggu sku finne på å jåggå dé vækk frå dær, så æ det i hvertfall ikkje riksantikvar'n. For dækje værneværdi heill kunst før det æ timra, holåt heill fransk film. Og dæ bli storstein eilder. Men n vil støtt væra dær. Så sant døm ikje låggå fartsdump tå deinn au.


Over: Illustrasjon tå ein lit'n stein. Det æ slett ikje slik pymseri d' æ snakk um hær, nei.

Under: Illustrasjon tå ein stor stein. Stein' på Dahle æ au stor, men denna hær æ jo bærre latt'lé.

 

Copyright 2003 . alt innhold bør kopieres og tas vare på.
Takk til Kiosken på Otta for inspirasjon og god stappe.
Takk også til deg, Tiger..